Byggslekta
Hordeum
Beskrivelse
 
Bygg (Hordeum) er ei planteslekt i grasfamilien der me mellom anna finn kornslaget bygg (Hordeum vulgare). Dyrka bygg kjem frå den ville byggplanten (Hordeum spontaneum) som framleis veks i Midtausten.
Byggslekta omfattar rundt 30 artar som veks i heile den tempererte delen av den nordlege halvkula og Sør-Amerika, og i Sør-Afrika. Grasslaga kan vera både eittårige og fleirårige.