Følblom

Leontodon autumnalis

Beskrivelse
 
Følblom er ein art i korgplantefamilien. Arten er utbreidd i Europa, Asia og Nord-Afrika.
Planten vert kring 15 cm høg og har smale bukttagga eller oftast buktfinna snaue rosettblad. Han har snautt skaft, som øvst under korgene er tjukkare og ofte med nokre smale bladskjel. Korgdekkblada kan vere med eller utan hår. Følblomen har gule kroner, dei ytre kronene har raud stripe på undersida. BHan har berre fjørstrålar i fnokken.
Følblom er ein omskifteleg art. Han blomstrar kring juli månad i beitemark og på vegkantar. Han er vanleg gjennom heile Noreg og er funnen opp til 1600 m i Jotunheimen.